polarhistorie

Velkomen til beretning om ekte friluftsliv og storslagen natur onsdag 6. mai kl. 1800 på Frivillighetens hus. Du vil få innblikk i ekspedisjonar i historiske rammer, både i Noreg og Antarktis. Særleg to turar i Antarktis vert du invitert med på. Du får ei ærleg soge med store oppturar og nedturar i isen

Nasjonalikonet Fridtjof Nansen kom aldri til Sydpolen. Før no. 5. januar planta Kjartan Bergsvåg og AK Glück-Teigland Nansen flagget på Sydpolen etter 40 dagar og 1200 km på isen i Antarktis.

Du vil få eit ekte foredrag om friluftsliv, polarhistorie, sannsoger, skrøyving, vilje, verdiar og venskap. Foredrag med utgangspunkt i draumane og vyene til sjølvaste Fridtjof Nansen som vart aktualisert gjennom eigen tur til Sydpolen i 2022. Historia går heilt attende til 1861 og endar i 2023. Det er miks av historiske bilete, autentiske dokument og foredrag.

AK Teigland er bondeson frå Hardanger og polfarar. Han jobbar til dagleg ved museet «Roald Amundsens hjem» i Svartskog utanfor Oslo. 

Bill: 100. Enkel servering fra kl. 1730

Velkommen!


Publisert: 28.01.2026 13:09
Sist endret: 28.01.2026 13:27